Hopp til innhold
X
Innhald

Arktisk niauge

Arktisk niauge, Lethenenteron camtschaticum, er ein av dei fire artane i niaugefamilien vi har i Noreg.

Arktisk niauge lever i arktiske strok frå Pasvikelva og austover til Beringsundet, i det nordvestlege Stillehavet, og sørover til Japanhavet. Dei einaste funna frå Noreg er eit par larvar (ammocoetes) frå Pasvikvassdraget, som truleg høyrer til arktisk niauge. Eit av desse eksemplara blei funne i ein mage til ei gjedde som var fiska i Vaggatemvatnet. Arktisk niauge har både anadrome og ferskvasstasjonære bestandar. Dei ferskvasstasjonære formene har vandringar i dei store vassdraga i Sibir og på Sakhalinhalvøya.

Først publisert: 02.10.2012
Sist oppdatert: 02.01.2017