Hopp til innhold
X
Innhald

Asp

Asp, Aspius aspius, er ein karpefisk. Asp høyrer til den siste innvandringsgruppa av ferskvassfisk til Noreg og er den mest sjeldne arten vi har

Asp, Aspius aspius, er ein karpefisk som vi særleg finn i Aust-Europa. Han er òg vanleg i Nord-Tyskland, Austerrike og sørlege delar av Russland. Han manglar i Danmark, men finst i nokre vassdrag i sørlege delar av Sverige og Finland.

Asp høyrer til den siste innvandringsgruppa av ferskvassfisk til Noreg og er den mest sjeldne arten vi har, sidan han berre finst i Glåma opp til Øyeren, med sideelvane Leira og Nitelva. Det lokale namnet i Øyeren-området er blåspol. Her var han òg ein viktig matfisk tidlegare, noko som kjem fram i Fetvisa, nedskriven i 1740-åra: «Den Baaspur saa fed, At fange vi veed / Og sende til Herrernes Borde; / Den Kongelig Mad vi har paa vort Fad Trods alle de salte Vands Fjorde!» Aspen skal òg vere påvist i Haldenvassdraget.

Asp er ein fiskeetar og kan bli fleire kilo. I Øyeren var krøkle og hork dei viktigaste artane i dietten til aspen sommaren 2010. På grunn av at han et annan fisk, kan asp få høge konsentrasjonar av kvikksølv.

Først publisert: 02.10.2012
Sist oppdatert: 02.01.2017