Hopp til innhold
X
Innhald

Aure

Aure, Salmo trutta, er ein art i laksefamilien, i same slekta som atlantisk laks, Salmo salar.

Aureungar kan skiljast frå lakseungar ved at dei mellom anna har langt mindre brystfinnar, lengre overkjevebein og ein feittfinne som oftast har ein raud ytre kant, i motsetnad til lakseungane, der feittfinnen som regel er einsfarga grå. Stor sjøaure har kraftigare halestilk enn laksen og fleire prikkar under sidelinja. Ferskvassaure lever heile livet i ferskvatn, både i innsjøar og elvar. Sjøauren lever dei første åra i ferskvatn. Når han blir smolt, ved ei lengd frå om lag 8 cm til opp mot 25 cm, vandrar han ut for å beite i fjordar og kystfarvatn om sommaren. Sjøauren overvintrar vanlegvis i ferskvatn. Både sjøaure og innsjøaure kan kome opp i vekter på over 10–15 kg. I fleire av dei store innsjøane på Austlandet, der det er rikeleg med fôrfisk, får auren ekstra god vekst, og det er her vi finn dei retteleg store eksemplara. I mange tette bestandar, slik at det blir lite mat, stoppar auren å vekse før han er blitt 25 cm.

Aure, Salmo trutta. Ill. NYS DEC, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Aure, Salmo trutta. Ill. NYS DEC, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Den største auren her i landet finn vi i Mjøsa. Det er særleg den stamma som gyter i Gudbrandsdalslågen (hunderaure) som blir stor. Årleg blir det teke hunderaure på 8–12 kg, og rekordfisken skal ha hatt ei vekt på heile 23 kg. Auren i Mjøsa har krøkle som viktigaste fôrfisk, men i andre innsjøar kan det vere røye (røyr), sik eller andre artar som er byttefisk for den fiskeetande auren. På grunn av fiskedietten kan det bli høg kvikksølvkonsentrasjon i slik aure.

I Noreg finst aure over det meste av landet opp til 1800 meter over havet. På til dømes Hardangervidda er det neppe årviss, naturleg reproduksjon i vatn som ligg over 1400 m over havet. I det 20. hundreåret blei auren borte mange stader i Sør-Noreg på grunn av forsuring av vassdrag. Særleg mange bestandar forsvann frå delar av Rogaland, Agder og Telemark. Etter kalking av vassdraga og utsetjing av ny aure blei mange bestandar reetablerte. Heilt frå det blei starta med kunstig klekking av aurerogn på midten av 1800-talet, har det vore vanleg å setje ut yngel og setjefisk av aure, først og fremst med tanke på å betre fisket. I samband med vassdragsreguleringar og oppdemming av innsjøar blei det ofte påbode med utsetjing av aure for å kompensere for rekrutteringstapet. Det er mest vanleg at auren gyter i rennande vatn, men gyting kan òg skje i innsjøar der det strøymer ut grunnvatn. Eit døme på dette er Jølstravatnet, men det er påvist gyting i mange andre innsjøar òg.

Først publisert: 02.10.2012
Sist oppdatert: 31.03.2017