Hopp til innhold

 Torsk. Foto: Norsk sjømatråd, flickr.com
Torsk. Foto: Norsk sjømatråd, flickr.com
X
Innhald

Beinfiskar

Beinfiskar, Osteichthyes, er ei klasse av fiskar med over 31 000 artar på verdsbasis. Dei har eit meir eller mindre forbeina indre skjelett.

Dei viktigaste ordenane er silde- og laksefiskar, karpefiskar, mallefiskar, ålefiskar, horngjelfiskar, torskefiskar, piggfinnefiskar, ulkefiskar, flyndrefiskar og marulkar. Beinfiskar utgjer meir enn halvparten av alle artane av virveldyr. Talet på artar endrar seg stadig, på grunn av nyoppdagingar og revisjonar, og det er rekna med at det samla talet kjem til å auka. Berre i ciklidefamilien er det registrert over 1650 artar, men ein reknar med at det verkelege talet ligg godt over 2000.

Dei fleste beinfiskane lever i saltvatn, men ein kjenner no om lag 13 000 artar som lever i ferskvatn. Ein del av artane er diadrome, det vil seie at dei vandrar mellom saltvatn og ferskvatn (sjå katadrom og anadrom). Totalt kjenner vi om lag 345 fiskeartar frå Noreg, men berre 42 av dei er ferskvassfiskar.

Først publisert: 02.10.2012
Sist oppdatert: 31.03.2017