Hopp til innhold
X
Innhald

Bekkeniauge

Bekkeniauge, Lampetra planeri, er ein kjevelaus «fisk».

I Noreg finn vi denne arten i elvar på Austlandet og Sørlandet. Han lever heile livet i ferskvatn. Larvane (sjå ammocoeteslarvar) lever nedgravne i elvebotnen heilt opp til sju år før dei blir kjønnsmodne. Dei lever av algar og daudt organisk materiale (detritus). Dei vaksne individa tek ikkje til seg føde, og dei døyr etter gytinga.

Bekkeniauge kan bli opp til 25 cm. Arten kan skiljast frå elveniauge ved at han ikkje har mellomrom mellom ryggfinnane.

Først publisert: 02.10.2012
Sist oppdatert: 27.03.2017