Hopp til innhold
X
Innhald

Bekkerøye

Bekkerøye, Salvelinus fontinalis, er ein laksefisk med naturleg utbreiing i nordaustlege delar av USA og søraustlege delar av Canada.

Fisken blei sett ut i Noreg alt på slutten av 1800-talet, og i dei nærmaste tiåra var det ei omfattande utsetjing, men trass i dette var det lenge berre kjent at bekkerøya hadde etablert bestandar i Øyfjell i Telemark og i Overnbekken, som renn ut i Simoa ved Blåfargeverket i Buskerud. Artsnamnet fontinalis tyder «den som er knytt til eller kjem frå kjelder» (oppkomer, oller). Øvste delen av bekkene i Øyfjell og Overnbekken er nettopp slike lokalitetar med kaldt kjeldevatn, der bekkerøya får liten konkurranse frå aure, som er ein meir varmekrevjande fiskeart.

Bekkerøya toler langt surare vatn enn aure, og i mange vassdrag der auren forsvann på grunn av forsuring, blei det frå midten av 1960-åra sett ut bekkerøye i svært mange lokalitetar. Det viste seg at bekkerøya etablerte bestandar mange stader etter desse utsetjingane, særleg i Agderfylka og i Telemark. I Nord-Amerika er det både ferskvasstasjonære og anadrome bestandar av bekkerøye, men i Noreg er arten ikkje anadrom.

Bekkerøya kan bli fleire kilo, men på same måten som hos røye kan bekkerøya lett danne tette bestandar, og då stoppar individa å vekse etter at dei er kjønnsmodne.

Først publisert: 02.10.2012
Sist oppdatert: 27.03.2017