Hopp til innhold
X
Innhald

Beluga

Beluga, eller husblasstør, Huso huso, er den største størarten og ein av dei største ferskvassfiskane i verda.

Hannane blir ikkje gytemodne før dei er 10–15 år gamle, og hoene først når dei er 15–18 år. Tidlegare blei dei truleg over hundre år, og dei kunne bli opp mot åtte meter og vege eit par tonn. Slike store eksemplar finst knapt i dag, først og fremst på grunn av hardt fiske. Som ei følgje av tapte gyteområde og overfiske er arten gått sterkt tilbake, og han står i dag på IUCN (Verdsnaturvernunionen) si liste over truga fiskeartar. Belugastør lever no hovudsakleg i Svartehavet og Kaspihavet, medan han tidlegare òg var vanleg i Adriahavet og Azovhavet.

Han vandrar mellom saltvatn og ferskvatn, og er altså anadrom.

Av egga til fisken blir det laga kaviar.

Beluga er òg namnet på delfinarten kvitkval, som lever i arktiske farvatn.

Først publisert: 02.10.2012
Sist oppdatert: 27.03.2017