Hopp til innhold
X
Innhald

Berggylte

Berggylte, Labrus berggylta, er den største leppefisken. Ho kan verte opptil 60 cm lang og 3,5 kg tung. Berggylta er grønaktig eller gulbrun og er vanleg langs sør- og vestkysten av Noreg nord til Trondheim. Ho lever på stein- og tangbotn frå fjæra og ned til 200 m djup. Berggyltene har kjønnsskifte. Dei er først ho og vert seinare hann. Berggylte er ein god matfisk med eit litt søtleg kjøt.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.10.2012
Sist oppdatert: 02.10.2012