Hopp til innhold
X
Innhald

Bergnebb

Bergnebb, Ctenolabrus rupestris, er den minste av leppefiskane våre. Han vert sjeldan over 10—12 cm lang, men kan verte opptil 19 cm lang. Bergnebb finst så langt nord som Nordland. Han lever på stein- og tangbotn frå fjæra til 20 m djup. Bergnebb kan reinse større fiskar for utvendige parasittar. Han vert brukt til å fjerne lakselus frå laks i oppdrettsanlegg langs kysten.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.10.2012
Sist oppdatert: 02.10.2012