Ål

Når ålen vandrar frå ferskvatn til saltvatn, skiftar han farge. Han får sølvkvit buk og svart rygg, og vert då kalla blankål.

Ål
Av .
Lisens: Avgrensa gjenbruk
utbredelse av ål

Utbreiing av ål (Anguilla anguilla). Basert på data frå Den internasjonale naturvernunionen (IUCN Red List, versjon 3, 2017).

utbredelse av ål

Ål er ein fisk i ålefamilien. Den har slangeaktig kropp og er noko flattrykt frå side til side i bakkroppen. Rygg-, hale- og gattfinne dannar ein samanhengande finnebrem. Huda er tjukk og glatt med små skjel. Hoene kan bli opptil 1,5 meter og 12,7 kilo, medan hannane berre blir cirka 0,5 meter.

Faktaboks

Også kjend som
glassål (yngel), ålefaring (ung vandrende ål), gulål (voksen), blankål (vandrende voksent stadium), European Eel (engelsk)
Vitskapeleg namn
Anguilla anguilla
Beskriven av
(Linnaeus, 1758)
Raudlistestatus i Noreg
EN – Sterkt truet
Global rødlistestatus
CR – Kritisk truet

Ålen gyter i Sargassohavet. Det pilbladliknande larvestadiet (leptocephalus) driv med havstraumen mot Europa, og når larvane kjem inn mot kysten, blir dei forvandla til glasål. Det er som glasål at ålen startar vandringa opp i elvane, og han får etter kvart pigmentering. Slik vandring av glasål opp elvane blir kalla ålefaringar. Ålen går så over i eit nytt stadium, han blir gulål. Gulålen har mørkebrun rygg og gul underside, derav namnet gulål. Ålane kan vere i gulålstadiet til dei er godt over 20 år før tida kjem då dei skal vandre tilbake til Sargassohavet. Då skjer det ei ny forvandling – og han blir blankål. Dette namnet har han fått fordi buken er blank. Ryggsida er nærmast svart.

I oppdatert norsk raudliste over truga arter (2021) er ålen kategorisert som sterkt truga.

Utbredelse og levevis

Anguilla anguilla

Ålen som ein vanlegvis treff på langs kysten og i ferskvatn i Noreg vert kalla gulål. Foto frå Aqua, Silkeborg, Danmark

Anguilla anguilla

Dei små ålane som akkurat har komne inn til kysten blir enten kalla glassål (før dei har fått pigment) eller ålefaring (når dei har blitt pigmentert og er på vandring opp elver og bekkar). Foto frå Meilgård Skov

livssyklus
Ålens livssyklus som katadrom art, med gyting i Saragassohavet.
Av /NINA.

Ålen finst i hav og ferskvatn frå Nord-Afrika og middelhavslanda i sør til Kvitsjøen i nord.

Ål er registrert i nærare 1800 norske innsjøar. At ål i størst grad er registrert i innsjøar, kjem av at førekomst av fiskeartar hovudsakleg er kartlagd for innsjøar. Det er registrert ål i ca. 200 kommunar, og i alle norske fylke. I Noreg har ålen ei utbreiing i ferskvatn som minkar med avstand frå kysten, med høgd over havet og talet på menneskeskapte barrierar. Ålen er også vanleg i sjøen langs heile norskekysten, men det ligg ikkje føre nokon oversikt over bestandsstorleiken verken langs kysten eller i ferskvatn. Lågareliggjande større innsjøar nær kysten, i tillegg til den lange kysten, er truleg dei viktigaste oppvekstområda i Noreg. Ål er vanleg sjølv i små nedbørfelt og i små innsjøar.

Det har lenge vore kjent at dei små, nesten gjennomsiktige åleungane, som blir kalla glasål, viser seg langs kysten om våren. Om sommaren får desse små ålane pigment, og mange vandrar då som ålefaring opp i elvar og bekker. Mange blir igjen i sjøen, medan andre trengjer så langt inn i vassdraga som dei kan komme for fossar og stryk eller menneskeskapte barrierar. Derfor blir rekna ål blant våre katadrome fiskeartar. Mindre fossar som er eit absolutt hinder for laks og sjøaure vil ikkje nødvendigvis vere eit hinder for ål, då han har evna til å passere vertikale stengsler, eller eventuelt ta omvegen via land.

I vassdraga lever dei som gulål i mange år, og hannane blir opptil 50 centimeter og hoene opptil 1 meter – men vanlegvis 60–70 centimeter – før dei byrjar å vandre ut igjen og skifte farge til blankål, med sølvkvit buk og svart rygg.

Utvandringa frå ferskvatn skjer vanlegvis ved den første store haustflaumen. Om hausten, medan dei framleis er seksuelt umodne, startar ålane gytevandringa. Dei sym då rundt 6000 kilometer for å nå tilbake til Sargassohavet, der dei gyter.

Det er lite kunnskap om kor fort ålen veks, men nyare studiar indikerer at veksten er langsam og at hannane blir klare til utvandring når dei er rundt 10–15 år gamle, medan hoene er over 20 år gamle. I varmare land er veksten mykje raskare.

Etter kvart forsvinn blankålen frå norske kystfarvatn. Det var lenge ukjent kvar han vandra for å gyte, men ved ei lang rekkje ekspedisjonar i åra 1904–1922 lykkast det dansken Ernst Johannes Schmidt å påvise at gytinga går føre seg på stort djup i Sargassohavet, mellom 22–30 grader nordleg breidd og 48–65 grader vestleg lengd. Den norske atlanterhavsekspedisjonen i 1910 med Michael Sars bidrog også til oppklaringa i saka.

Ålelarvane som finst i overflatelaga i Atlanterhavet, liknar små, tynne, gjennomsiktige pileblad, og dei blir kalla leptocefaler etter det latinske slektsnamnet Leptocephalus. Under drifta mot Europas kyst, som tek frå eitt til tre år, blir larvane endra til dei kjende glasålane.

Trua art

Det har dei siste 30 år vorte registrert ein svært sterk nedgang i ålebestandane i Europa, og det blir estimert at rekrutteringa er redusert med 95 prosent i denne perioden. Ål er påverka av mange ulike faktorar. Dagens tilstand kjem av summen av påverknader som både varierer lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Forhold som endringar i marint klima og straumar, auka dødelegheit av parasitten symjeblæremark, miljøgiftene og fysiske inngrepa til ålen i vassdraga våre blir rekna som sentrale årsaker til nedgangen i bestanden.

Det blir arbeidd aktivt med å finne forvaltningstiltak som kan sikre ein levedyktig bestand. I Noreg er ikkje nedgangen like tydeleg som i resten av Europa, men også her er rekrutteringa sterkt redusert, samtidig som tettleiken både langs kysten og i vassdraga er redusert. Denne nedgangen både i Noreg og i resten av Europa førte til at ålen i 2006 vart sett opp på raudlista, klassifisert som kritisk truga; på engelsk Critically Endangered, forkorta CR. Også ved revisjonen av raudlista i 2010 vart ålen klassifisert som kritisk trua. I 2015 vart det igjen gjennomført ei ny sårbarheitsvurdering. Nedgangen i bestanden i Noreg og i Europa generelt vart då vurdert til å ha stoppa opp, og ålen vart derfor plassert i kategorien sårbar (norsk raudliste), på engelsk Vulnerable, forkorta VU. I 2021 vart igjen statusen til ålen vurdert, og no vart han klassifisert som sterkt truga (Endangered, EN). Hovudgrunnen til at ålen vart klassifisert til å vere meir truga, er ny informasjon som indikerer at generasjonstida til ålen er lengre enn det ein tidlegare har gått ut frå.

Ål har i lengre tid vore reknast som kritisk truga (CR) med nedovergåande bestandsutvikling på den internasjonale raudlista av IUCN, altså blant dei mest utryddingstruga artane i verda.

Tiltak

Ei av årsakene til at bestandane av katadrome artar som ål har minka sterkt sidan 1980 i Europa, er fysiske inngrep som dannar barrierar (som dammar og kulvertar) og som såleis avgrensar katadrom strekning i vassdraga. Relativt enkle tiltak som «klatretau» kan gjere ålen i stand til å forsere uheldig innretta vegkulvertar. I enkelte regulerte vassdrag er det kjent at ål klarer å forsere kraftverksdammar under oppvandring, eventuelt at dette kan mildnast med tilpassa åleleiarar. Samtidig er det avgjerande med rett utforma gitter framfor kraftverksinntak eller andre mildnande tiltak, for å unngå at utvandrande ål blir kutta i bitar av kraftverksturbinar.

Det er eit aukande fokus i Europa for å restaurere sikker opp- og nedvandring av ål og andre relevante langvandrende artar (særleg anadrome og katadrome fiskeartar). Tettleiken og omfanget av menneskeskapte barrierar frå dammar (vasskraft) og kulvertar i vassdrag har vist seg å vere stort. I Noreg er det langt fleire laksetrapper enn andre fiskepassasjar som er meir eigna for mindre straumsterke fiskar enn laksefiskane.

EU vedtok ei eiga åleforordning i 2007. Denne rettsakta forpliktar alle EU-landa til å utarbeide målretta handlingsplanar for å verne og gjennomføre miljøforbetrande tiltak for ål i sine farvatn. Alle landa der ål har naturleg utbreiing vart pålagde å utarbeide nasjonale forvaltningsplanar for ål, og samarbeide om grensekryssande ålevassdrag innan utgangen av 2008. Betre overvaking av ål, innskrenking av fangst og dessutan kartlegging av ålevassdrag og økologiske påverknader som bør mildnast (etablere sikre ålepassasjar) var blant dei tiltaka som landa måtte rapportere om og følgje opp.

Åleforordninga inneheld 13 detaljerte artiklar (rettsakter). Forordninga vart omsett til alle EU-språk, men er ikkje teken inn i EØS-avtalen. EU-kommisjonen evaluerte i 2020 at åleforordninga var vellykka. Dei framheva likevel at auka innsats måtte setjast inn på andre tiltak enn å avgrense ålefangst, eksempelvis å restaurere ålevassdrag.

Fangst og handel

Ålefangster i Norge
Omsett fangst av europeisk ål i Noreg i 1908–2018 (i tonn). Ålen blei freda i 2010.
Av /Fiskeridirektoratete.

I Noreg har det vore tillate med berre eit avgrensa ålefiske (forskingsfangst) i dei seinare åra, etter at all vanleg fangst og fritidsfiske vart forbodne (1. juli 2009). Internasjonal handel av europeisk ål har vore avgrensa av CITES sidan 2007. Dette gjorde at det vart ulovleg å importere ål inn til EU, som ein konsekvens av at fangst er ein av truslane og medverkande årsak til bestandsnedgangen internasjonalt.

I Noreg er det fiskeristyresmaktene som har forvaltningsansvar for ål i dei områda som blir omfatta av havressurslova, medan det er miljøstyresmaktene som har forvaltningsansvaret for ål i ferskvatn.

Amerikansk ål

Ein nærståande art er amerikansk ål, Anguilla rostrata, som finst i sjøen og i vassdrag ved austkysten av Amerika, frå Mexicogolfen til Labrador. Dei to artane blir skilde visuelt vesentleg ved forskjell i talet på ryggvirvlar. Det er også klare genetiske skilnadar mellom dei to artane. På Island finst begge artane, og dessutan også ein del hybridar mellom den europeiske og den amerikanske ålen. Amerikansk ål gyter også i områda rundt Sargassohavet, men larvane blir utvikla til glasål i løpet av eitt år.

Amerikansk ål er funnen i europeiske farvatn, truleg som følgje av utsetting av glasål. Artsdatabanken har klassifisert den amerikanske ålen som ein dørstokkart. Dette er artar som ikkje er kjende frå Noreg, men som kan komme snart. Artsdatabanken meiner at arten kan ha middels økologisk effekt dersom han etablerer seg her, men meiner òg at det er lite sannsynleg at det skal skje.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

Faktaboks

ål
Anguilla anguilla
Artsdatabanken-ID
42580
GBIF-ID
5212973

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg