Hopp til innhold

 Foto: Joachim Müller, flickr.com
Foto: Joachim Müller, flickr.com
X
Innhald

Blåstål

Blåstål, Labrus bimaculatus, høyrer til leppefiskane og er ein av våre mest fargerike fiskar. Berre hannen vert kalla blåstål, hoa kallar vi raudnebb. Blåstål vert opptil 40 cm lang. Fisken lever på stein- og tangbotn frå fjæra til 200 m djup. Han kan ha kjønnsskifte frå raudnebb til blåstål. Fisken lever nord til Lofoten, men svært få individ lever nord for Trøndelag.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.10.2012
Sist oppdatert: 02.10.2012