Hopp til innhold
X
Innhald

Bleke

Bleke, eller blege, er lokalnamnet på dverglaksforma av atlantisk laks, Salmo salar, i Otravassdraget, først og fremst i Byglandsfjorden.

Bleke er ei ferskvasstasjonær form av atlantisk laks som kjem opp i ein storleik på opp til 30 cm i Byglandsfjorden, men som får ein heilt annan vekst når han får meir mat, i til dømes oppdrett.

Bleke blir rekna som ein reliktlaks, det vil seie ein laks som tidlegare kunne vandre til havet, men som tilpassa seg eit heilt liv i ferskvatn då landhevinga etter istida gjorde at fossane lenger nede i vassdraget blei eit vandringshinder for oppvandrande laks. I gytetida opp mot jul samla bleka seg mellom anna i utløpet av Byglandsfjorden, og då brukte dei lys for å konsentrere fisken, som dei så fanga med not. Eit gamalt stev frå Bygland vitnar om dette fisket: «Tri veko derfyre, då spika dei tyre – tri dagar fyre jol då spelar blega på Vassend-bord».

I Vest-Agder og på Jæren er bleke òg lokalnamn på sjøaure, og på Sørlandet kan blege vere kviting.

Først publisert: 27.03.2017
Sist oppdatert: 27.03.2017