Hopp til innhold
X
Innhald

Brasme

Brasme, Abramis brama, også kalla bras eller brasen, er ein karpefisk som er vanleg i mesteparten av Europa nord for Alpane, men manglar i nordlege delar av Skandinavia. 

Arten finst i Glåmavassdraget opp til Elverum, i Mjøsa og i mange vatn i Østfold og Akershus. Brasma har òg greidd å kome over Oslofjorden og finst mellom anna i Drammenselva og Tyrifjorden, Eikeren og fleire vatn i Vestfold. 

Vanleg storleik er opp i 1–2 kg, men brasma kan òg bli mykje større. Det største eksemplaret frå Noreg skal ha vore ei brasme på 7 kg teke i Steinsfjorden. Hybridar mellom brasme og mort, og mellom brasme og flire, er kjende frå Noreg. 

Brasme er ein god matfisk, og varmrøykt brasme er særleg godt.

Først publisert: 02.10.2012
Sist oppdatert: 31.03.2017