Hopp til innhold
X
Innhald

Brisling

Brisling, Sprattus sprattus, er ein sildefisk som finst langs kysten vår nord til Vestfjorden i Nordland. Han skil seg frå silda ved at skjela under buken dannar ein skarp kjøl. Brisling kan verte opptil 18 cm lang, men vanlegvis er han 8—12 cm. Brisling vert nedlagd som «sardinar» og «ansjos».

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.10.2012
Sist oppdatert: 02.10.2012