Hopp til innhold
X
Innhald

Brosme

Brosme, Brosme brosme, er ein torskefisk som lever i djupe fjordar over heile landet. Ho har skjegg under haka og berre éin lang ryggfinne og éin lang gattfinne. Fisken lever einskildvis eller i små stimar på djupt vatn frå 50 til 1000 m. Brosma kan verte 1,1 m lang og er ein velsmakande matfisk.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.10.2012
Sist oppdatert: 02.10.2012