Hopp til innhold
X
Innhald

Ciklidar

Ciklidar, eller Cichlidae, er ein stor og variert familie i ordenen piggfinnefisk. 

Hos nokre artar blir individa ikkje større enn om lag 3 cm, medan dei i andre artar kan kome opp mot ein meter. Ciklidane finst både i Afrika og Sør- og Mellom-Amerika, men nokre artar lever òg i India og på Madagaskar. Totalt kjenner ein over 1650 artar. Afrika har det største artstalet. Ciklidesamfunna i dei store innsjøane Malawisjøen, Tanganyikasjøen og Victoriasjøen i Aust-Afrika er vidgjetne. I kvar av desse innsjøane er det fleire hundre endemiske ciklideartar. 

Mange ciklideartar er viktig matfisk, med tilapia-artane som dei mest kjende, og dei er òg mykje brukte i fiskeoppdrett. Andre ciklideartar er høgt verdsette som akvariefisk. Alle ciklidar har yngelpleie.

Først publisert: 31.03.2017
Sist oppdatert: 31.03.2017