Hopp til innhold
X
Innhald

Fisk

Fisk har eksistert i minst 450 millionar år.

Fisk, Pisces, er virveldyr som lever i vatn. Dei har eksistert i minst 450 millionar år. Fisk har ofte straumlinjeforma kropp. Mange har beinskjel i huda. Dei aller fleste pustar med gjeller. Forplantninga skjer vesentleg ved at egg, det vil seie rogn, blir befrukta av sperma, også kalla mjølke, i vatnet. Somme artar parar seg. Då føder hoa ungar.

Fisk har eit spesielt sanseorgan som fangar opp trykkbølgjer. Dette organet blir kalla sidelinjesystemet. Dei fleste fiskar har symjeblære.

Hovudgruppene er beinfiskar, der heile skjelettet er forbeina, og bruskfiskar, som har ryggvirvlar av brusk. Blant beinfiskane finn vi mellom anna sildefiskar, laksefiskar, torskefiskar, makrellfiskar og flyndrefiskar. Haiar og skater høyrer til bruskfiskane. Det samla artstalet varierer i ulike publikasjonar, men det finst truleg meir enn 31 000 artar av nolevande beinfiskar, og omkring 1000 bruskfiskartar.

Totalt kjenner vi 345 fiskeartar som held til i Noreg, men berre om lag 210 reproduserer seg i norske område. Overklassen Agnatha, kjevelause fiskar, er reint systematisk ikkje fisk, men nemninga fisk er så godt innarbeidd at det er enklast å ta dei med som «fisk». Desse kjevelause «fiskane» omfattar rundmunnar, som slimål og niauge er representantar for i dag, og dei utdøydde panserrundmunnane (Ostracoderma).

Først publisert: 03.10.2012
Sist oppdatert: 31.03.2017