Hopp til innhold
X
Innhald

Fjellaure

Fjellaure er vanleg aure som lever i høgtliggjande vatn, men det er inga vitskapleg nemning. 

Den eldste auren som er påvist her i landet, er ein fjellaure på om lag 38 år som blei teken i Viuvatnet på Hardangervidda. 

Fjellaure som særleg lever av store krepsdyr, til dømes skjoldkreps (Lepidurus arcticus) og marflo (Gammarus lacustris), får ofte kraftig raudfarga kjøt, og slik aure kan dessutan bli stor når det er rikeleg av desse store krepsdyra. 

Den største auren som er fiska på Hardangervidda, skal ha vore om lag 11 kg, teken i Bersavikane i Ullensvang herad.

Fjellaure har som regel raudt, velsmakande kjøt og er ein populær matfisk som kan bli foredla på ein rekke måtar. Her frå Fisketorget i Bergen i 1969. Foto: Eirik Sundvor, kjelde: Municipal Archives of Trondheim, Flickr.com CC BY 2.0.

Først publisert: 03.10.2012
Sist oppdatert: 31.03.2017