Hopp til innhold
 Fjesing. Foto: Philippe Guillaume, flickr.com
Fjesing. Foto: Philippe Guillaume, flickr.com
X
Innhald

Fjesing

Fjesing, Trachinus draco, er ein piggfinnefisk som kan verte opptil 40 cm lang. Piggane på gjellelokket og dei fremste ryggfinnepiggane har giftkjertlar ved rota. Fjesing finst i Middelhavet og i Aust-Atlanteren frå Marokko til Trondheimsfjorden.
Stikka kan gi sterke smerter og er farlege, spesielt for barn, og dei må straks behandlast av lege. Som førstehjelp bør ein halde stikkstaden i varmt vatn, eller ein bør nytte varme omslag. Arten lever på sand- og grusbotn på 5—150 m djup. Dette er for djupt til at det er risiko for at folk som badar, skal trø på han.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.10.2012
Sist oppdatert: 03.10.2012