Hopp til innhold
X
Innhald

Flire

Flire, Blicca bjoerkna, høyrer til karpefamilien og liknar på brasme.

Flire liknar mykje på brasme, men kan skiljast frå denne på det relativt mykje større auga, og på til dømes svelgbeina, som har to tannrekkjer, medan brasme berre har ei rekkje. 

Flira må ha vore ein sein innvandrar til Noreg, sidan ho stort sett berre finst frå Øyeren og nedover Glåma, og elles i delar av Østfold.

Først publisert: 31.03.2017
Sist oppdatert: 31.03.2017