Hopp til innhold
X
Innhald

Gjedde

Gjedde, Esox luciuser ein familie av ordenen silde- og laksefiskar. Gjedda er ein typisk rovfisk. Hoene blir mykje større enn hannane.

Gjedde, Esox lucius, er den einaste representanten i Europa for Esocidae, ein familie i ordenen silde- og laksefiskar. Denne gjeddearten er utbreidd over store delar av Europa, Nord-Asia og nordlege delar av Nord-Amerika. I Noreg finst gjedda naturleg på Austlandet, i Troms og i Finnmark, men fisken er blitt sett ut mange stader og finst mellom anna i mange vatn i Hordaland, på Karmøy og i nokre vatn i Møre og Romsdal og Trøndelagsfylka.

Gjedda er ein typisk rovfisk, som i hovudsak lever av fisk, men ho kan òg ta til dømes andungar, frosk og smågnagarar. Ei gjedde på rundt 80 cm kan godt ta ein aure på rundt 45 cm. Små gjedder tek mest insekt og krepsdyr, men dei går tidleg over på fiskediett dersom det er byttefisk tilgjengeleg. Gytetida er om våren, og i til dømes den næringsrike innsjøen Årungen i Akershus kan dei sommargamle gjeddene kome opp i 25 cm på seinhausten, og etter to somrar kan dei vere nærmare 50 cm. Hoene blir mykje større enn hannane, og gjedder på meir enn fem kilo er som regel hogjedder. Vi har ikkje sikre opplysningar om at det er teke gjedder på over 18 kg i Noreg, men frå til dømes Sverige og Russland er det rapportert om langt større eksemplar, og slike store gjedder er truleg over 30 år gamle. I Asia og Nord-Amerika lever andre artar i tillegg til den vanlege gjedda.

Først publisert: 03.10.2012
Sist oppdatert: 31.03.2017