Gjørs
Gjørs, Stizostedion lucioperca, er ein art i åborfamilien.
Gjørs høyrer til den siste innvandringsgruppa av ferskvassfisk til Noreg og har ei naturleg utbreiing her i landet som er avgrensa til nedre delar av Glåma til og med Øyeren, nedre delar av Haldenvassdraget og Vansjø. I dei seinare åra er det sett ut gjørs i mellom anna Gjersjøen i Akershus og Akersvatnet i Vestfold, og det er etablert bestandar i begge desse vatna.
Gjørs trivst godt i stilleflytande elvar og grumsete innsjøar med høge sommartemperaturar og er ein typisk fiskeetar. I Øyeren er hork, krøkle, mort og laue dei viktigaste byttefiskane.
Ein om lag 80 cm lang gjørs som blei teken i Glåma i 2010, var 23 år
gamal.
Sist oppdatert: 31.03.2017