Hopp til innhold
X
Innhald

Gullbust

Gullbust, Leuciscus leuciscus, er ein art i karpefamilien.

I same slekta finn vi òg artane stam og vederbuk. Gullbusten liknar litt på ein slank mort, men han har gulaktige auge og mindre skjel enn morten. 

Gullbust er mest knytt til rennande vatn, men han lever òg i innsjøar og kan gå ut i brakkvatn, sidan han toler saltkonsentrasjonar opp mot 8–9 ‰. Han høyrer til den same innvandringsgruppa som mort og har om lag den same naturlege utbreiinga i Noreg som denne arten, det vil seie på begge sider av Oslofjorden og i Glåmavassdraget oppover mot Elverum. 

Først publisert: 31.03.2017
Sist oppdatert: 31.03.2017