Hopp til innhold
Gullfisk. Foto: AJ Cann, Flickr.com CC BY-SA 2.0.
Gullfisk. Foto: AJ Cann, Flickr.com CC BY-SA 2.0.
X
Innhald

Gullfisk

Gullfisk, Carassius auratus, er ein gulfarga karpefisk. Gullfisk er mykje brukt som pryd- og akvariefisk og er blitt spreidd over heile verda.

Gullfisk, Carassius auratus, er ein gulfarga variant av arten sølvkaruss, den opphavlege villforma av denne karpefisken. 

Gullfisk finst naturleg frå Aust-Europa til Kina. Han er mykje brukt som pryd- og akvariefisk og er blitt spreidd over heile verda. Det er truleg fleire bestandar i mindre vatn og hagedammar rundt om i Sør-Noreg enn dei få bestandane som er kjende, mellom anna frå Eigersund, i ei tjørn ved Arendal og i eit lite vatn i Vestby. Vatnet i Vestby fekk etablert ein bestand av gullfisk etter at ein person slepte ut nokre individ frå akvariet sitt.

Gullfisk. Foto: Nicolas Venturelli.com CC BY-NC-ND 2.0.

Gullfisk. Foto: Nicolas Venturelli.com CC BY-NC-ND 2.0.

Først publisert: 03.10.2012
Sist oppdatert: 31.03.2017