Hopp til innhold
X
Innhald

Hai

I norske farvatn er det registrert 18 artar hai, mellom anna pigghå, håbrann og brugde.

Haiar, Selachimorpha, høyrer til bruskfiskane og omfattar 13 familiar og om lag 339 artar. Kroppen er spoleforma med høg ryggfinne. Munnen er tverrstilt med fleire kvasse tannrader. Haiane har ikkje symjeblære, men dei er hurtige symjarar. Dei har indre befruktning, og dei fleste artane føder ungar. Enkelte legg store egg i hornkapslar.
 
Foto: Joi Ito flickr.com CC BY 2.0
Foto: Joi Ito flickr.com CC BY 2.0
 
Haiane lever stort sett i varme farvatn, og nokre av dei lever også i ferskvassfloder. Den store kvithaien vert rekna som svært farleg. Størst av blåhaiane er tigerhaien, som kan verte over 6 m lang. Han er frykta som menneskeetarhai sidan han ofte kan finnast langs kystar med grunt vatn.
 
Foto: kqedquest, flickr.com CC By 2.0
 
Foto: kqedquest, flickr.com CC By 2.0
Den største fisken no er kvalhaien. Han kan verte 15 m lang og lever av plankton. I norske farvatn er det registrert 18 artar hai, mellom anna pigghå, håbrann og brugde.
 
Sjå video frå NRK Skole i Trondheimsfjorden:
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.10.2012
Sist oppdatert: 23.07.2014