Hopp til innhold
X
Innhald

Harr

Harr, Thymallus thymallus, er ein art i laksefamilien.

Harr er vanleg i vassdrag på Austlandet og finst dessutan i Nord-Noreg, Trøndelag og på Vestlandet i Rauma i Møre og Romsdal. Harr har ei vid utbreiing i Europa, men aust for Uralfjella, gjennom Sibir og over i Nord-Amerika er det ein annan harrart, Thymallus arcticus, som tek over. 

Den store ryggfinnen og store skjel er karakteristisk for harrartane. Grunnen til at harr har fått det latinske namnet Thymallus har samanheng med at han kan lukte svakt av timian, Thymus

Harr er ein viktig sportsfisk, og særleg i Glåma og Trysilelva blir det fiska mykje etter harr. I Noreg er det teke eksemplar på opp til 60 cm og 3,5 kg, men meir vanleg er det at harren blir opp til 50 cm og rundt 1,5 kg.

Video: «Grayling in the river glomma - Harr i Glomma»:


Først publisert: 03.10.2012
Sist oppdatert: 31.03.2017