Hopp til innhold
X
Innhald

Havåbor

Havåbor, Dicentrarchus labrax, høyrer til havåborfamilien, Moronidae. Det finst seks artar av han. Havåborfamilien er utbreidd på aust- og vestsida av Atlanterhavet. Havåbor er den einaste representanten av havåborfamilien i Noreg. Fiskane er utbreidde frå Kanariøyane/Middelhavet til Nord-Noreg. Han har vorte meir vanleg i Sør-Noreg dei siste åra, og er sjeldan lengre nord.
Havåboren held til nær kysten, av og til i brakkvatn. Han er ein altetande rovfisk, og lever mellom anna av fisk, krepsdyr og børstemakk. Havåboren kan vege opptil 12 kg, verte over 1 m lang og minst 15 år gammal. Han er ein populær sportsfisk og ettertrakta matfisk.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.10.2012
Sist oppdatert: 15.10.2012