Hopp til innhold
X
Innhald

Havmus

Havmus, Chimaeriformes, er ein orden av bruskfiskar med om lag 25 artar. Av desse er éin art havmus, Chimaera monstrosa, vanleg langs norskekysten nordover til Trøndelag. Arten er meir spreidd lengre nordover langs kysten. Havmus vert også kalla hågylling eller spelstrenghyse. Fisken kan verte 1,5 m lang og vege 2,5 kg.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.10.2012
Sist oppdatert: 15.10.2012