Hopp til innhold
Havniauge, Petromyzon marinus. På fotoet ser vi niauget sin runde sugemunn med horntenner. Foto: US EPA, kjelde: NOAA Great Lakes Environmental Research Laboratory, Flickr.com CC BY-SA 2.0.
Havniauge, Petromyzon marinus. På fotoet ser vi niauget sin runde sugemunn med horntenner. Foto: US EPA, kjelde: NOAA Great Lakes Environmental Research Laboratory, Flickr.com CC BY-SA 2.0.
X
Innhald

Havniauge

Havniauge, eller havlamprett, Petromyzon marinus, er ein av dei fire artane i niaugefamilien som finst i Noreg.

Denne fisken er anadrom og gyter i vassdrag om sommaren. Etter gytinga døyr dei. Ungane, ammocoetes, lever i elvebotnen i 4–5 år før dei vandrar ut i havet. Havniauge er ein parasitt på annan fisk. Dei syg seg fast på fisken dei går til angrep på og syg blod og kroppsvæske frå byttet. Det skal ha hendt at havniauge har soge seg fast på symjande menneske. Etter at havniauge etablerte bestandar i dei store sjøane i Nord-Amerika, gjekk det sterkt tilbake med bestanden av mellom anna kanadarøye, Salvelinus namaycush. Havniauge finst langs heile norskekysten. Han kan bli drygt 90 cm lang og vege rundt 2,5 kg. Sjå elles niauge.

Havniauge, Petromyzon marinus. Ill.: NYS DEC, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Havniauge, Petromyzon marinus. Ill.: NYS DEC, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Først publisert: 15.10.2012
Sist oppdatert: 02.01.2017