Hopp til innhold
X
Innhald

Hork

Hork, Gymnocephalus cernuus, eller steinpurke, er den minste av åborfiskane våre.

Han liknar litt på åbor, men har ein samanhengande ryggfinne og 8–9 slimgroper på hovudet. På grunn av slimet han kan skilje ut, har han fått lokalnamnet snørrgjørs. Andre norske namn er mellom anna steinpurke, steinbit og rysil. 

Horken høyrer til Mjøsa/Storsjø-fiskane og finst i hovudsak i nedre del av Glåmavassdraget frå Kongsvingerområdet, og dessutan i Mjøsa, Storsjøen i Odal og Haldenvassdraget. Han finst i store delar av Mellom- og Nord-Europa, og austover i Sibir. Etter utsetjingar er det òg etablert bestandar i nokre vatn ved Bergen. Hork lever mykje av botnlevande vertebratar. 

I Noreg er det teke eksemplar på opp til 23 cm, men som regel er individa mindre enn 15 cm.

Først publisert: 15.10.2012
Sist oppdatert: 31.03.2017