
Hornulke
Hornulke, Myoxocephalus quadricornis, er ein ulkefisk med vid utbreiing i arktiske kyststrøk.
Hornulke finst i Austersjøen og dessutan som reine ferskvassbestandar i mange innsjøar i Sverige, Finland og Russland. I Noreg er ferskvassforma av hornulke berre funnen i Mjøsa og i grensesjøen Store Le i Østfold.
I saltvatn blir hornulka
opp til 60 cm, men ho blir langt frå så stor i ferskvatn. Eksemplara som blei
samla inn i Mjøsa, hadde lengder under 10 cm. Totalt er det berre funne
nokre få eksemplar i Noreg, og bestandsstatusen er ikkje klarlagd. Hornulke som
lever i ferskvatn, manglar dei typiske «horna» som er kjenneteikn for
fiskearten. Horna er fire beinkuler på hovudet.
Sist oppdatert: 31.03.2017