Hopp til innhold

 Kanadarøye. Foto: USFWS Mountain Prairie.
Kanadarøye. Foto: USFWS Mountain Prairie.
X
Innhald

Kanadarøye

Kanadarøye, Salvelinus namaycush, er ein laksefisk med naturleg utbreiing i Nord-Amerika.

Denne røyearten lever ofte av annan fisk, og i Nord-Amerika er det teke eksemplar på opp mot 45 kg. Kanadarøye er sett ut i nokre norske vatn, og etter utsetjingane i Nordli i Nord-Trøndelag ser det ut til å vere etablert bestandar i alle fall i dei to Rømmervatna og i Kvesjøen. Kanadarøya trivst best i store, djupe innsjøar, der ho kan trekkje ned i vassmassen når temperaturen stig utover sommaren.

Først publisert: 17.10.2012
Sist oppdatert: 31.03.2017