Hopp til innhold
X
Innhald

Karpe

Karpe, Cyprinus carpio, høyrer til karpefamilien, og familienamnet er basert på slektsnamnet til karpe. Arten er heimehøyrande i Asia, men er seinare spreidd over heile verda.

Karper blei innførte til Europa alt i romartida. Til Noreg blei det truleg innført karper alt på 1500-talet, og det har vore karper i fleire vatn i Sør-Noreg. Særleg i Vestfold er det lokalitetar med store karper på mange kilo. Det viser seg at karpa kan reprodusere seg i Noreg, mellom anna i ein gardsdam i Østfold. Meitefiskarar har sett ut karpe i mange vatn dei seinare åra. 

Karpe finst i fleire ulike former. Skjelkarpe har like stor skjel over heile kroppen, medan spegelkarpe har uregelmessige, store skjel. I tillegg finst to andre former, radkarpe, som har ei rekkje små skjel berre på oversida av kroppen, og lêrkarpe, som så å seie er utan skjel. 

Karpe er ein viktig oppdrettsfisk både i Asia, først og fremst i Kina, og i fleire land i Europa.

Karpe på langt over 20 kg er ikkje uvanleg lenger sør i Europa. Ei karpe skal kunne bli over 30 kg, men så store karper er ikkje tekne i Noreg. Her blir dei neppe over 10 kg.

Først publisert: 31.03.2017
Sist oppdatert: 31.03.2017