Hopp til innhold
 Foto: Brian Gratwicke, flickr.com
Foto: Brian Gratwicke, flickr.com
X
Innhald

Karpefamilien

Karpefamilien, Cyprinidae, er ein familie av ferskvassfiskar i ordenen karpefiskar.

Mange av artane har store, stive skjel. Det er den største fiskefamilien i verda, med 194 slekter og omkring 2000 artar. Alle artane lever i ferskvatn, og 16 av dei er funne i Noreg, særleg i dei søraustlege delane av landet. 

Artar i karpefamilien som har hatt ei naturleg innvandring til Noreg, er brasme, flire, gullbust, laue, mort, sørv, vederbuk, ørekyt, asp og stam. I tillegg finst karuss, som kan ha vandra inn til Noreg ved eiga hjelp, sjølv om karussen tidlegare blei sedd på som ein innført art. Fleire artar er innførte til landet. Det gjeld gullfisk, karpe, suter, sandkrypar og regnlaue, som alle er sette ut. 

Karpe er den største europeiske arten i karpefamilien.

Først publisert: 17.10.2012
Sist oppdatert: 31.03.2017