Hopp til innhold
X
Innhald

Karuss

Karuss, Carassius carassius, er ein karpefisk med hovudutbreiing i Asia, men arten finst i mesteparten av Europa.

Det var lenge akseptert at karuss var ein innført art til Skandinavia, men i dei seinare åra er dette imøtegått. Karussen kan ha kome til Skandinavia og Noreg ved eiga hjelp. Han har likevel vore sett ut i mange lokalitetar og har etablert bestandar så langt nord som til Tromsø. Han finst både i innsjøar og i mindre dammar. Bestandane i dammar har ofte berre småindivid, på grunn av for mykje fisk. 

Den store karussforma, som finst i vatn med gode næringstilhøve, kan bli opp til 45 cm lang og vege 3,5 kg. Med den lange ryggfinnen sin liknar karussen litt på karpe, men i motsetnad til karpa manglar han skjeggtrådar i munnvikane.

Først publisert: 17.10.2012
Sist oppdatert: 31.03.2017