Hopp til innhold
X
Innhald

Kolmule

Kolmule, Micromesistius poutassou, er ein pelagisk torskefisk. Han vert også kalla blågunnar og lever ofte på 200—500 m djup. Kolmule kan verte opptil 50 cm lang og er utbreidd frå Vest-Afrika til Barentshavet. Han er ein viktig industrifisk og har blitt noko nytta til «surimi». Det er fiskemasse som er tilsett kunstig smak, og som vert seld som «crab-sticks».

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.10.2012
Sist oppdatert: 17.10.2012