Hopp til innhold
X
Innhald

Kveite

Kveite eller hellefisk, Hippoglossus hippoglossus, høyrer til flyndrefamilien. Namnet er norrønt hveita, kvit; medan hellefisk er norrønt for heilagr fiskr, heilag fisk. Kroppen er flattrykt, men langstrekt. Kveita er ein rovfisk. Ho kan verte over 50 år, 3 m lang og vege over 200 kg. Det vert fiska kveite langs heile norskekysten. Fisket er regulert.
 
Ein nærståande art er blåkveite, også kalla svartkveite, Reinhardtius hippoglossoides, som er mest talrik nordpå. Ho kan verte over 1 m lang og vege 45 kg. Ein er i ferd med å utvikle oppdrett av kveite.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.10.2012
Sist oppdatert: 17.10.2012