Hopp til innhold
X
Innhald

Kvitfinna steinulke

I Nord-Europa blir denne ulka knapt over 10 cm. Ho har vid utbreiing i Europa, men i Noreg var ho tidlegare påvist berre på eit par lokalitetar i Østfold, i Store Le og i Femsjøen i Tistavassdraget. No er kvitfinna steinulke òg etablert i Tanavassdraget, etter utsetjingar, og ho skal dessutan vere påvist i Lierne i Nord-Trøndelag. 

Kvitfinna ferskvassulke liknar mykje på steinsmett, men kan skiljast frå denne på dei kvite bukfinnane som manglar tverrstriper. Bukfinnane er mykje mindre enn hos steinsmetten, og dei når ikkje bak til gattopninga.

Først publisert: 31.03.2017
Sist oppdatert: 31.03.2017