Hopp til innhold
X
Innhald

Lagasild

Lagasild, eller lågåsild, Coregonus albula, høyrer til sikslekta i laksefamilien.

Ho har fått namnet sitt etter Gudbrandsdalslågen, men i Haldenvassdraget blir ho kalla vemme, og i Vingerområdet er det lokale namnet stinte. 

På same måten som sik, Coregonus lavaretus, manglar lagasilda tenner i munnen. Ho liknar elles mykje på sik, men kan mellom anna skiljast frå denne arten på underkjeven, som stikk lenger fram enn overkjeven, det vil seie at ho har underbit. 

Lagasilda høyrer til innvandringsgruppa Mjøsa/Storsjø-fiskane, og som dei andre fiskeartane i denne gruppa har dei vandra inn frå Sverige, først og fremst frå Vänern, som i ein periode etter istida strekte seg langt opp mot Kongsvingerområdet, og som òg hadde eit avløp til Haldenvassdraget via det som i dag er innsjøen Store Le.

Lagasilda i Noreg finst naturleg i Østfold, Akershus og Sør-Hedmark, men det finst òg bestandar i mellom anna Bersevatnet og Grimevatnet i Aust-Agder og i Orrevassdraget på Jæren. Etter at lagasild blei sett ut i Enare i Finland rundt 1960, har ho etablert seg i Pasvikvassdraget, der ho første gongen blei observert øvst i vassdraget i 1989. Alt i 1993 blei lagasilda funnen i nedre delar av vassdraget. Etableringa i vassdraget førte til sterk nedgang av enkelte dyreplanktonartar som lagasilda lever av, og dette førte i sin tur til ein dramatisk nedgang i næringstilgangen til den planktonetande siken i Pasvik. Samstundes gjekk tettleiken av planktonsik sterkt tilbake. Lagasilda blei fort den viktigaste byttefisken for aure. 

Sjølv om lagasild kan bli opp til 45 cm, blir ho ikkje så stor i norske innsjøar. Reint unntaksvis kan ho i Mjøsa kome opp i 30 cm, men vanlegvis blir ho ikkje over 25 cm i denne innsjøen. I Pasvikvassdraget er individa endå mindre. Lagasild er ein god matfisk, og i 1960-åra blei det i gjennomsnitt teke over hundre tonn i året i Mjøsa og Gudbrandsdalslågen.

Først publisert: 17.10.2012
Sist oppdatert: 31.03.2017