Hopp til innhold
X
Innhald

Lake

Lake, Lota lota, er den einaste torskefisken som lever i ferskvatn.

Han er utbreidd i Nord-Europa, Asia og Nord-Amerika. Laken høyrer til innvandringsgruppa Femund/Finnmark-fiskane og finst i mange vassdrag i Østfold, Hedmark, Trøndelag, Troms og Finnmark. Laken gyter om vinteren, og mange stader blei det tidlegare drive eit omfattande fiske etter denne fiskearten når isen hadde lagt seg på elvar og vatn.

Først publisert: 17.10.2012
Sist oppdatert: 31.03.2017