Hopp til innhold
X
Innhald

Laks

Laks, eller atlanterhavslaks, Salmo salar, gyter i svært mange elvar på den nordlege halvkula. Laksen er ein ettertrakta sports- og matfisk. Det skal ha vore teke laks med ei lengd på heile 1,4 m og ei vekt på opptil 36 kg.

Laks, eller atlanterhavslaks, Salmo salar, gyter i svært mange elvar på den nordlege halvkula, frå Cape Cod til Labrador på austkysten av Nord-Amerika, og i Europa frå Portugal til Petsjora i Russland. Det skal òg vere minst éin bestand på Grønland. Dei fleste bestandane er anadrome, men det finst òg ferskvasstasjonære bestandar (sjå reliktlaks). I mange elvar gyter laksen i oktober–november, men det er store variasjonar frå elv til elv, og dessutan kan det vere variasjonar innanfor same vassdraget. I somme elvar gyter laksen så seint som i slutten av desember. Ungane lever i ferskvatn heilt opp til sju år før dei vandrar frå elvane til havet. Hos den anadrome forma får ungane heilt sølvblanke sider når dei er klare til å vandre til saltvatn, som såkalla smolt. I sørlege vassdrag kan dei bli smolt alt etter éin eller to vintrar. Vanleg storleik på smolten er 10–19 cm.

(Artikkelen held fram under biletet)

Atlanterhavslaks, Salmo salar. Foto: Jørgen Schyberg, Flickr.co CC BY-NC-ND 2.0.

Atlanterhavslaks, Salmo salar. Villaks i Lærdalselvi, foto tatt ved Norsk Villakssenter i Lærdal. Foto: Jørgen Schyberg, Flickr.co CC BY-NC-ND 2.0.

Laksen utnyttar store delar av Norskehavet, Barentshavet og havområda rundt Grønland. Han går òg inn i til dømes Isfjorden på Spitsbergen. Når tida for kjønnsmodning nærmar seg, vender laksen med stor presisjon tilbake til barndomselva, etter 1–4 år i havet. Når gytetida nærmar seg, endrar laksen utsjånad, og den sølvblanke drakta blir borte. Hannane blir mørkare og får raudaktige sider, samstundes som underkjeven veks ut til ein stor krok. Hoene får òg ei mørkare drakt, men utan dei sterke fargeteikningane som hannane har, og dei manglar kroken på underkjeven. Atlanterhavslaks kan gyte fleire gonger, i motsetnad til stillehavslaksane, som berre gyter éin gong.

Det skal ha vore teke laks med ei lengd på heile 1,4 m og ei vekt på opptil 36 kg. Laksen er ein ettertrakta sports- og matfisk. Den norske fangsten av villaks ligg i dag på langt under tusen tonn. Samstundes blir det produsert over ein million tonn laks i merdar langs kysten, eller meir enn tusen gonger så mykje som det som blir hausta av villaks i Noreg. Lakseoppdrett er blitt ein storindustri, og oppdrettslaks er blitt ei svært viktig eksportvare. Ei negativ side av lakseoppdretten er at det rømer store mengder laks frå merdane, og ein god del av denne rømde laksen vandrar opp i elvar og gyter saman med villfisk. Dette kan alt ha endra arveeigenskapar hos mange norske laksebestandar, og endra produksjonstilhøva for dei ville bestandane. Dessutan kan store mengder lakselus produsert på oppdrettslaks angripe villaks, sjøaure og sjørøye. Særleg unge individ av ville, anadrome laksefiskar kan bli så sterkt angripne at dei døyr.

Først publisert: 17.10.2012
Sist oppdatert: 07.08.2018