Hopp til innhold
 Laks. Foto: Norsk Villakssenter.
Laks. Foto: Norsk Villakssenter.
X
Innhald

Laksefiskar

Laksefiskar, Salmoniformes, er ein orden av beinfiskar.

Til laksefamilien, Salmonidae, høyrer mellom anna laks, aure, røye, sik, lagasild, harr, regnbogeaure, bekkerøye, kanadarøye og pukkellaks. Dei har alle ein feittfinne mellom ryggfinnen og halefinnen. Til loddefamilien, Osmeridae, høyrer lodde og krøkle.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.10.2012
Sist oppdatert: 27.03.2017