Hopp til innhold

 Laksestørje. Foto: Sven O. Kullander.
Laksestørje. Foto: Sven O. Kullander.
X
Innhald

Laksestørje

Laksestørje eller glansfisk, Lampres gitaus, er ein bandfisk som er utbreidd i Stillehavet, Indiahavet, Middelhavet og Atlanterhavet. Fisken finst langs heile norskekysten. Han kan verte 1,8 m lang og over 200 kg tung. Laksestørja lever enkeltvis ned til 400 m djup.
 
Namnet siktar til at ein har trudd at laksestørja styrte og verna laksen på dei lange vandringane han gjer i havet, slik at laksen kunne finne tilbake til elva frå barndomen sin når han vart vaksen og skulle gyte. Laksestørja har eit svært velsmakande, raudt og feitt kjøt.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.10.2012
Sist oppdatert: 17.10.2012