Hopp til innhold
X
Innhald

Lange

Lange, Molva molva, er ein torskefisk med langstrekt kropp. Ho finst frå Gibraltar til kysten av Murmansk og vert fiska langs heile norskekysten. Langa kan verte 2 m lang, 40 kg tung og 25 år gammal. Ho er ein god matfisk med fast og fint kjøt, og vert mykje nytta salta og som klippfisk.
 
 Blålange, Molva dipterygia, er mest vanleg på Vestlandet. Ho kan verte 1,5 m lang og over 30 år gammal. Blålange er ein velsmakande matfisk.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.10.2012
Sist oppdatert: 17.10.2012