Hopp til innhold
X
Innhald

Lansettfiskar

Lansettfiskar, Cephalochordata, er ei underrekkje av kordadyr, det vil seie ryggstrengdyr. Dei manglar skjelett, hjarte og para lemer, men mange trekk ved dei peikar mot virveldyra, mellom anna ryggstrengen. Det finst om lag 30 artar, og dei er små og glasklare. Branchiostoma lanceolatum er utbreidd frå Middelhavet til nord for Bodø.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.10.2012
Sist oppdatert: 17.10.2012