Hopp til innhold
X
Innhald

Lodde

Lodde, Mallotus villosus, er ein laksefisk i loddefamilien.

Lodde, Mallotus villosus, er ein laksefisk i loddefamilien med cirkumpolar utbreiing. I norske farvatn finn vi lodda spreidd langs kysten nord for Trøndelag. 

Kroppen er langstrekt og jamhøg. Namnet kjem av at hannane får hårete skjel i gytetida. Lodda kan bli om lag 20 cm lang og 6 år gamal. Ho er av stor økonomisk interesse, og årleg blir det fanga opp mot tre millionar tonn i Barentshavet. 

Lodderogn er ei delikatesse.

Først publisert: 17.10.2012
Sist oppdatert: 03.04.2017