Hopp til innhold

 Makrell. Foto: Norsk sjømatråd.
Makrell. Foto: Norsk sjømatråd.
X
Innhald

Makrell

Makrellar, Scombridae, er ein familie av pelagiske fiskar. Hos oss er det fanga seks artar, men berre éin makrell, Scomber scombrus, er vanleg. Makrell finst utanfor austkysten av USA og frå Middelhavet og nordover. Han søkjer inn mot kysten av Noreg for å beite. Om hausten går han til havs og overvintrar mellom anna på djupare vatn. Makrellen kan verte nesten 70 cm lang, 0,7 kg tung og meir enn 20 år gammal. Overfiske gjorde at fangsten fall i 1970-åra. Fisket av makrell er no regulert.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.10.2012
Sist oppdatert: 17.10.2012