Hopp til innhold
X
Innhald

Månefisk

Månefisk vert brukt om to fiskeslag. Det eine er Mola mola, som høyrer til fiskar med fast kjeve, Tetraodontiformes. Han kan vege over to tonn og er ein av verdas største beinfiskar. Kroppen er rund og trykt saman frå sidene. Mola mola lever i varmare hav, men opptrer ofte langs norskekysten.
 
Det andre fiskeslaget er fingerfisk, Monodactylus argenteus, som er ein piggfinnefisk. Han lever i brakkvatn i varmare strøk. Han vert brukt som akvariefisk.
 
Sjå video av Mola mola her:

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.10.2012
Sist oppdatert: 18.10.2012