Hopp til innhold
X
Innhald

Mort

Mort kan ha to tydingar. Nemninga blir brukt både om småsei og ein art i karpefamilien.

Mort kan vere både småsei og ein art i karpefamilien. Karpefisken mort, Rutilus rutilus, høyrer til innvandringsgruppa Mjøsa/Storsjø-fiskane og er naturleg utbreidd i innsjøar og elvar i Østfold og Akershus, i Glåmavassdraget opp til forbi Åmot, i Mjøsa og dessutan i delar av Drammensvassdraget. 

Generelt veks morten seint, og han kan gjerne ha ein alder på 6–9 år ved ei lengd på rundt 15 cm. Morten i Mjøsa veks fortare, og her kan han vere 25–30 cm ved ein alder på 6–9 år. Mort kan bli over 50 cm, og minst 25 år gamal. I næringsrike innsjøar blir han ofte ein dominerande fiskeart, fordi han kan utnytte både små dyreplankton, insekt og daudt organisk materiale. Den er ein viktig fôrfisk for til dømes gjedde og stor åbor. Morten gyter om våren både i innsjøar og elvar. 

Lokale namn på mort er mellom anna flassrøye, raufjæring, raudmort og sørrenne.

Mort. Foto: Lee, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Mort. Foto: Lee, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Først publisert: 18.10.2012
Sist oppdatert: 03.04.2017