Hopp til innhold

 Ørekyt. Foto: Karelj.
Ørekyt. Foto: Karelj.
X
Innhald

Ørekyt

Ørekyt, Phoxinus phoxinus, er den minste arten i karpefamilien i Noreg.

Ørekyta høyrer til innvandringsgruppa Femund/Finnmark-fiskane og har vandra inn frå svenske og finske vassdrag. Etter omfattande utsetjingar er ho i dag påvist i alle fylke, men den naturlege utbreiinga er knytt til Austlandet, Nord-Trøndelag, Troms og Finnmark. 

Mange har brukt ørekyt som agnfisk, og det er truleg på den måten ho er blitt så mykje spreidd. Det er ulovleg å nytte levande fisk som agn, men mange bryt dette forbodet. 

Utsetjing i høgfjellsvatn har ført til tilbakegang for mange aurebestandar, truleg først og fremst fordi ørekyta et dei same næringsdyra som auren. Ofte kan ein sjå ørekyt med ein veldig sid buk. Slik fisk er ikkje full av rogn, men heile buken kan tvert imot vere fylt opp av ein eller fleire store larvar av reimorm, Ligula intestinalis, ein bendelmakk som har fiskeetande fuglar som endeleg vert.

Først publisert: 23.10.2012
Sist oppdatert: 03.04.2017